MyBag – brukarmanual¶
MyBag er bag-byggjaren til Kvam Disc Golf: du registrerer discane du eig, set dei saman i bagger, ser kva baggen dekkjer og kva han manglar, og kan dele baggen med andre. Appen ligg på bag.kvamdgs.no og fungerer i nettlesaren på mobil, nettbrett og PC.
Språket i appen
Knappane i appen står på bokmål («Mine disker», «Legg til disk»). Denne manualen er på nynorsk, men knappenamna er skrivne akkurat slik du ser dei på skjermen.
Kom i gang¶
- Gå til bag.kvamdgs.no.
- Vel Fortsett med Google, eller lag ein konto med e-post og passord. Lagar du konto med e-post, får du ei stadfestingslenkje på e-post som du må klikke på før du kjem inn.
- Første gongen får du ein kort intro. Du kan hoppe over han – rett etterpå blir du beden om å lage den første baggen din.
Legg appen på heimeskjermen
MyBag er ei nettside, ikkje ein app frå App Store eller Google Play. Bruk Del → Legg til på Hjem-skjerm (iPhone) eller menyen ⋮ → Legg til på startsiden (Android), så ligg han som eit ikon saman med dei andre appane dine.
Lag ein bag¶
Trykk + eller Ny bag og gi baggen eit namn. Du kan ha fleire bagger – til dømes ein turneringsbag og ein til skogsrunden. I baggen kan du òg krysse av for utstyr som retriever, paraply og vassflaske, slik at totalvekta blir rett.
Legg til discar¶
Trykk Legg til disk. Då kan du:
- Søkje i disc-databasen – rundt 4 000 discar. Skriv til dømes
Destroyer,BuzzzellerBerg, og vel disken. Flygetala blir fylte inn automatisk. - Fylle inn sjølv – merke, modell, flygetal, plastikk og vekt, dersom disken ikkje finst i katalogen.
For kvar disc kan du setje:
| Felt | Kva det er til |
|---|---|
| Vekt (g) | Blir rekna med i totalvekta til baggen |
| Plastikk | Til dømes Star, Champion, ESP |
| Farge | Gjer det lettare å kjenne att disken i lista |
| Status | Eier, Tapt eller Ønskeliste |
| Legg i bag | Kva bag disken skal liggje i |
| Bilde og notat | Valfritt, til dømes «slitt kant, hyzer-disk» |
Å eige ein disc og å ha han i baggen er to ulike ting
Ein disc du eig treng ikkje liggje i ein bag, og den same disken kan liggje i fleire bagger. Difor kan talet i Mine disker vere høgare enn talet i baggen.
Finn du ikkje disken i katalogen, kan du bruke Foreslå disk til katalogen. Då får administrator forslaget, og disken blir lagt inn for alle.
Dashboard¶
Dashboard viser baggen du brukar mest:
- Totalvekt – discar, sjølve baggen og utstyret kvar for seg.
- Kategori-fordeling – kor mange puttarar, midrange, fairway- og distansedrivarar du har.
- Dekningsgrad – kor stor del av kastetypane baggen faktisk dekkjer.
- Disker i bagen – heile lista, der du kan fjerne discar.
Mine disker¶
Heile samlinga di, med søk på namn, merke og plastikk, og filter på bag og status. Her fjernar du discar du har mista eller selt – set status til Tapt i staden for å slette, så held historikken seg.
Speed vs. stabilitet¶
Inne i ein bag finn du grafen som plottar discane etter fart og stabilitet. Klumpar dei seg saman ein stad, har du fleire discar som gjer den same jobben.
Flight paths¶
Vel ut discar frå ein bag og sjå flygekurvene teikna oppå kvarandre. Nyttig når du skal samanlikne to discar som ligg nær kvarandre i flygetal.
Manglar i samlinga¶
Gap-analysen ser på kva fartsområde og stabilitetar baggen dekkjer, og peikar på hòla – til dømes at du manglar noko understabilt i midrange. Det er ein god stad å starte når du lurer på kva du bør kjøpe neste gong.
Profil¶
Under Profil fyller du ut namn, brukarnamn, kort om deg sjølv, lokasjon og heimebane. I tillegg kan du:
- PDGA-oppslag – søk opp namnet ditt og knyt PDGA-nummeret til profilen, så blir ratinga vist.
- Bagtag – slå opp bagtag-lista til klubben, vel namnet ditt i lista, og få taggen og bagtag-historikken din på profilen.
- Sosiale medium og land – valfritt, blir vist på den offentlege profilen.
Dele bag og profil¶
Under Deling og personvern vel du kva bagger som skal vere offentlege. Ein offentleg bag kan sjåast av alle med lenkja, òg dei som ikkje har konto:
- Bag:
bag.kvamdgs.no/bag/brukarnamnet-ditt - Profil:
bag.kvamdgs.no/p/brukarnamnet-ditt
Trykk Kopier lenke for å få lenkja, eller Del bag som bilde for å lage eit bilete av baggen som du kan leggje ut i sosiale medium.
Offentleg er offentleg
Ein bag du gjer offentleg kan lesast utan innlogging. Vil du ikkje det lenger, skru han av att under Deling og personvern – då blir lenkja tom for andre.
Feed og følgje¶
I Feed ser du oppdateringar frå spelarane du følgjer: nye discar, nye bagger og innlegg dei skriv. Du kan like og kommentere, og på profilen til ein annan spelar trykkjer du Følg. Bjølla oppe til høgre viser varsel om nye kommentarar, likes og følgjarar.
Innstillingar¶
Bak namnet ditt oppe til høgre ligg Innstillinger, der du set visningsnamn (det som blir vist i feeden og når du deler bagen), sosiale medium, land og e-post. Same stad loggar du ut.
Om noko ikkje verkar¶
- «Under vedlikehald» tyder at appen er teken ned ei lita stund. Prøv igjen om litt.
- Discar eller bagger som ikkje dukkar opp: last sida på nytt. Appen hentar data frå nettet, så ei ustabil linje på banen kan gi tomme lister.
- Framleis feil? Sei frå i klubben, så ser vi på det.