Fadderordninga – brukarmanual¶
Fadderordninga på fadder.kvamdgc.no er staden der vi held banen i stand saman. Du kan adoptere eit hol, melde deg som hjelpar, ta oppgåver på dugnad, og gi tilbakemelding på hola.
Du treng ikkje konto for alt¶
| Utan konto | Med konto |
|---|---|
| Sjå banekartet og alle hola | Søkje om å bli fadder |
| Gi stjerner og skrive kommentar | Ta og fullføre oppgåver |
| Sjå oppgåvene og kven som er fadder | Laste opp bilete, få badges og varsel |
Du kan òg bli med som hjelpar med berre eit namn, utan å lage konto – laga for dei som stikk innom ein dugnad.
Kom i gang¶
- Opne fadder.kvamdgc.no.
- Vil du berre sjå deg om, gå rett til Banekart og trykk på eit hol.
- Vil du vere med, lag ein konto med brukarnamn eller e-post og passord, og logg inn.
Legg appen på heimeskjermen
Sida er ein PWA. På iPhone: Del → Legg til på Hjem-skjerm. På Android: menyen ⋮ → Legg til på startsiden. Då kan du få varsel og har han lett tilgjengeleg når du står ute på banen.
Sidene¶
- Banekart – oversikt over alle 18 hola. Inngangen til alt.
- Hol – alt om eitt hol: par og lengd, kart, fadderar og hjelparar, oppgåvelista, bilete og vurderingar.
- Mine hol – hola du er fadder eller hjelpar på.
- Alle oppgåver – oppgåver på tvers av hola. Sjå her før ein dugnad.
- Min profil – bio, badges og oppgåvene du har fullført.
- Kva er nytt – kva som er kome av nye ting i appen.
- Innstillingar – tema, varsel og e-post.
Bli fadder for eit hol¶
Gå til holet du vil ha og søk om fadderskap. Du kan leggje ved ei melding om kvifor. Ein administrator går gjennom søknaden, og du får svar i appen (og på e-post, om du har slått det på).
Fleire kan vere fadder på det same holet. Sluttar du som fadder, blir det ståande i historikken at du har hatt holet – det blir ikkje sletta.
Bli hjelpar¶
Vil du hjelpe til utan å ta ansvaret for eit heilt hol, meld deg som hjelpar på hol-sida. Det krev ikkje godkjenning, og du kan gjere det med berre eit namn om du ikkje vil lage konto.
Oppgåver¶
Kvart hol har si eiga oppgåveliste – til dømes «rydde kratt bak korga» eller «male tee-skiltet». Ei oppgåve kan ha prioritet P1, P2 eller P3, og kan vere tildelt nokon.
- Alle med konto kan hake av ei oppgåve som ferdig, òg om ho er tildelt ein annan eller ligg på eit hol du ikkje er fadder for. Har du gjort jobben, skal du få krediten.
- Berre den som la inn oppgåva (eller ein admin) kan endre eller slette ho.
- Å fjerne haken att er det berre admin som kan.
Når du hakar av, blir det lagra at det var du som gjorde det. Det er grunnlaget for talet «oppgåver fullført» og badgane på profilen din.
Oppgåver kan kommenterast, og du kan nemne andre med @namn.
Vurderingar¶
På kvart hol kan du gi frå 0,5 til 5 stjerner og skrive ein kommentar – òg utan konto. Vurderingar kan kommenterast og reagerast på.
Sjå noko som ikkje høyrer heime?
Trykk rapporter på vurderinga. Då hamnar ho i køen til administratorane. Ingenting blir sletta for godt, så ein feil kan rettast opp.
Bilete¶
Last opp bilete frå holet – før og etter ein dugnad er gull verdt. Eitt bilete kan setjast som forsidebilete for holet.
Badges¶
Du opparbeider deg merke i bronse, sølv og gull:
| Kategori | Nivå |
|---|---|
| Oppgåver fullført | 5 · 15 · 30 |
| Bilete lasta opp | 5 · 15 |
| Vurderingar skrivne | 5 · 15 |
| Tid som fadder eller hjelpar | 6 md. · 1 år · 2 år |
I tillegg finst periode-merke for den som har gjort mest den siste månaden, dei siste tre månadene og i år. Dei kan skifte eigar – så her er det konkurranse. På framsida står òg Årets fadder, Årets hjelpar og Flest oppgåver fullført.
Varsel¶
I Innstillingar vel du kva du vil bli varsla om, og om varselet skal kome
som e-post, push eller begge. Du kan mellom anna få varsel om nye
vurderingar, kommentarar, fullførte oppgåver, omtale av deg (@), svar på
fadder-søknaden, nye badges og vekesamandrag.
Push krev at du seier ja til varsel i nettlesaren, og verkar best når appen ligg på heimeskjermen.
Éin type varsel kan ikkje skruast av
Melding frå administrasjonen går alltid ut, på både e-post og push. Han blir berre brukt til viktige beskjedar til alle.
Om noko ikkje verkar¶
Står det ei melding øvst på sida, er det som regel planlagt vedlikehald – prøv igjen seinare. Elles: sei frå til nokon i klubben, så ser vi på det.