Brukarmanual¶
For spelarane i Kvam Frisbeegolf. Same tekst ligg inne i appen på bagtag.kvamdgs.no/#/hjelp, og på manuals.hanses.no.
Kva appen gjer¶
Appen held styr på bagtagane i klubben. Etter ein runde reknar han ut kven som skal ha kva tag, og oppdaterer taglista i Metrix. Den offisielle lista ligg framleis på Metrix.
1. Legg appen på telefonen¶
Du kan bruke appen i nettlesaren, men legg han heller på heimeskjermen. Då får du varsel, og appen opnar seg raskt.
- Opne bagtag.kvamdgs.no i Safari. Chrome på iPhone fungerer ikkje til dette.
- Trykk del-knappen nedst, firkanten med pil opp.
- Rull ned og vel Legg til på Heim-skjerm.
- Trykk Legg til.
Varsel krev heimeskjermen
På iPhone må appen opnast frå heimeskjermen for at varsel skal fungere. Det krev iOS 16.4 eller nyare.
- Opne bagtag.kvamdgs.no i Chrome.
- Trykk Installer oppe til høgre i appen, eller menyen (⋮) og Installer app.
- Stadfest med Installer.
Trykk Installer oppe til høgre, eller installasjonsikonet i adressefeltet i Chrome eller Edge. Du kan like gjerne bruke nettlesaren som vanleg.
2. Logg inn¶
Du loggar inn med same e-post og passord som du brukar på discgolfmetrix.com. Appen sjekkar passordet mot Metrix og veit då kven du er. Passordet blir aldri lagra, og du held deg innlogga til du loggar ut.
- Trykk Logg inn oppe til høgre.
- Skriv e-post og passord til Metrix.
- Kryss gjerne av for Hald Metrix-innlogginga mi.
Loggar du inn på Metrix med Google eller Facebook?
Då har du ikkje noko Metrix-passord. Gå til discgolfmetrix.com, trykk Glemt passord og lag eit. Du kan framleis logge inn med Google eller Facebook på Metrix etterpå.
«Hald Metrix-innlogginga mi» lèt appen byte tag som deg i Metrix, så bytet hamnar i historikken din der, og du slepp å skrive passordet på nytt. Innlogginga blir lagra kryptert og sletta når du loggar ut. Du kan slå det av seinare: opne Mi side (namnet ditt øvst) og vel Gløym Metrix-innlogginga.
3. Slå på varsel¶
Med varsel får du beskjed når nokon ber deg stadfeste eit tag-byte, og når taggen din er bytt.
- Rett etter innlogging kjem eit banner: Slå på varsel. Trykk der.
- Telefonen spør om løyve. Vel Tillat.
Trykte du «Ikkje no»? Opne Mi side (namnet ditt øvst) og vel Slå på varsel.
4. Slik brukar du appen¶
Taglista¶
Framsida syner alle 50 tagane: kven som har dei, Metrix-rating, PDGA-rating og kva tag dei hadde før. Trykk på ein tag for å sjå historikken: kven som har hatt nummeret, og kva nummer eigaren har hatt.
Lista blir henta frå Metrix, og ho held seg fersk av seg sjølv: appen hentar ho på nytt kvar gong du opnar han eller byter attende til han, og medan han står framme. Har nokon bytt tag direkte i Metrix, dukkar det opp innan eit halvt minutt. Vil du vere heilt sikker, trykk Oppdater.
Registrere ein runde¶
Etter runden trykkjer du Ny runde:
Casual: Kryss av dei som spelte, og skriv inn totalt tal kast, t.d. frå UDisc. Søkjefeltet finn spelarar kjapt – skriv namn eller tag-nummer og trykk Enter. Du sjølv er alt kryssa av.
Metrix og PDGA kjem
Resultat frå ei Metrix-konkurranse eller ei PDGA-turnering kan hentast automatisk, men det er førebels berre admin som kan det, til vi har prøvt det skikkeleg. Spør admin, eller legg runden inn som casual.
Forslaget til nye tagar syner seg med ein gong, medan du skriv. Ingenting blir endra før nokon trykkjer «Utfør byte».
Stadfesting¶
Alle som får ny tag må stadfeste, så ingen kan skrive inn kva som helst:
- Dei får varsel, eller e-post, med ein gong. Trykk på varselet og deretter Stadfest.
- Har nokon ikkje appen, kan dei stadfeste på telefonen til den som la inn runden: opne Ikkje installert appen? Stadfest her på same telefon og skrive sitt eige Metrix-passord.
- Resultat henta rett frå Metrix eller PDGA (admin) treng inga stadfesting.
Utføre bytet¶
Når alle har stadfesta, trykkjer ein av dykk Utfør byte og oppdater Metrix. Appen hentar taglista på nytt, reknar ut og oppdaterer Metrix. Alle som flyttar seg får varsel.
Hugs dei fysiske tagane
Appen endrar berre lista. Tagane må de byte med kvarandre sjølve.
5. Heile flyten, kort¶
- De spelar ein runde.
- Éin legg runden inn i appen.
- Dei andre får varsel og stadfestar.
- Nokon trykkjer Utfør byte.
- Metrix blir oppdatert, og alle får beskjed om ny tag.
- De byter dei fysiske tagane.
6. Reglane¶
Best score får lågaste nummer blant dei som spelte. Lik score gir ingen bytte. Spelarar utan tag er ikkje med. Alle reglane står under Reglar i appen: bagtag.kvamdgs.no/#/reglar.
Spørsmål og svar¶
Eg får ikkje varsel¶
- På iPhone: opne appen frå heimeskjermen, ikkje Safari, og slå på varsel der.
- Sjekk at varsel er tillate for appen i innstillingane på telefonen.
- Opne Mi side (namnet ditt øvst) og sjå om det står at varsel er på.
Appen ser gammal ut, eller manglar noko nytt¶
Kjem banneret «Ny versjon av appen er klar», trykk Oppdater. Elles: lukk appen heilt og opne han igjen.
Eg har ikkje tag¶
Du kan bruke appen og sjå alt, men du er ikkje med i byte. Snakk med nokon i klubben om å få tag, så legg admin deg inn i lista.
Namnet mitt blir ikkje kjent att i eit resultat¶
Det skjer om namnet i Metrix eller PDGA er skrive annleis enn i taglista. Sei frå til admin, som koplar namnet til deg éin gong.
Kva lagrar appen om meg?¶
Namnet og Metrix-ID-en din, e-posten du loggar inn med (til varsel), kva rundar du har vore med i, og tag-historikken. Passordet blir aldri lagra. Vel du «Hald Metrix-innlogginga mi», blir sjølve innlogginga lagra kryptert til du loggar ut.