Gå til innhold

Banedesign – brukarmanual

Banedesign lagar teesign, infoboard og caddybook for ein heil disc golf-bane. Du legg inn banen éin gong, vel eit design, og appen lagar alle skilta med same utsjånad – men med kvart hòl sine eigne tal, kart og tekst.

Appen er eit designverktøy, ikkje ein biletgenerator. Tee, kurv, kastelinje og OB er objekt du plasserer sjølv, så ingenting blir gjetta.

Slik kjem du i gang

  1. Opprett banenOversikt → Ny bane. Vel namn, klubb, kor mange hull og kor mange layouts du har.
  2. Fyll inn baneinfoBaneinfo. Klubbnamn, adresse, logo, reglar og den URL-en QR-koden skal peike til. Dette går att på alle skilta.
  3. Legg inn talBulk-redigering gir deg alle hull og layouts i éin tabell. Raskaste måten å få inn lengde og par på.
  4. Teikn kartaHull-editor, eitt hull om gongen.
  5. Vel ein malMalar. Trykk Bruk på alle hull.
  6. EksporterGenerer alt, eller Eksport om du vil styre formata sjølv.

Logg inn om du vil ha banen på fleire maskiner

Appen verkar utan innlogging - alt blir lagra i nettlesaren. Loggar du inn, blir banen lagra på serveren i tillegg, og kvar lagring legg igjen ein versjon du kan gå tilbake til. Sjå Ta vare på arbeidet.

Demoen er der for å utforskast

Appen startar med Kvam Disc Golf Course ferdig utfylt – 18 hull og fire layouts. Klikk deg rundt i den før du lagar din eigen bane, så ser du korleis alt heng saman.

Hullkartet

Gå til Hull-editor og vel eit hull.

Last opp kartet

Kart-fana til høgre → Last opp kart. PNG, JPG, WEBP, SVG og PDF fungerer. Flyfoto eller teikna kart – begge delar går fint.

Kartet ditt blir aldri endra

Alt du teiknar legg seg som eigne lag oppå biletet. Du kan skru av bakgrunnen, bytte kartfil eller flytte på objekta utan å øydeleggje noko.

Under same fana justerer du lysstyrke og kontrast om kartet er for mørkt, og set utsnittet – den delen av kartet som faktisk hamnar på skiltet.

Teikn på kartet

Vel eit verktøy i verktøylinja til venstre og klikk på kartet.

Type Slik gjer du
Tee, kurv, mando, tre Eitt klikk plasserer det
Kastelinje, OB, vatn, sti Klikk for kvart punkt, avslutt med Enter

Vil du endre ei linje etterpå, vel Noder-verktøyet og dra i punkta. Dra i dei oransje håndtaka for å forme kurva.

Eitt kart, fire layouts

Nye objekt høyrer til den layouten du redigerer – sjå Redigerer: øvst. Slik kan blå og gull ha kvar sin tee og kvar si kastelinje på det same kartet. Vel Felles for objekt som gjeld alle, til dømes OB-linja.

Knappane øvst skrur layouts av og på medan du jobbar, så du slepp å sjå fire kastelinjer oppå kvarandre.

Same objekt på fleire hull

Går ei OB-linje langs ein veg som rører fleire hull? Marker ho og bruk Kopier til andre hull nede i eigenskapspanelet.

Tal for kvart hull

Nedst i hull-editoren ligg éin boks per layout med lengde, par og høgdeskilnad. Verdiane er heilt åtskilde – blå kan vere 420 m par 4 medan raud er 360 m par 3 på det same hòlet.

Skal du fylle inn mange hull, er Bulk-redigering raskare. Der kan du òg la appen foreslå par ut frå lengda, og fylle verdiar nedover.

Vel ein mal

Malar i menyen. Kvar mal er eit ferdig design. Trykk Bruk på alle hull, så byter alle skilta utsjånad med ein gong.

Serie Uttrykk
Valdres Nesten svart botn, farga verdikort per layout, stort gult hulltal
Turnering Svart infoskinne til venstre, kartet i full høgd, divisjonskort
Klar A4 ståande, reint og ryddig, hulltalet størst
Modern Dark, Minimal, Classic m.fl. Nøytrale utgangspunkt

Med brytaren La infoboard og caddybook følgje designet blir dei to andre flatene laga i same fargar og fontar automatisk.

Endre på ein mal

Rediger opnar mal-editoren. Dra element dit du vil ha dei, og still inn alt i panelet til høgre.

Kvart element har ein modulstil – ferdige variantar du kan bytte mellom. Layout-tala kan til dømes visast som verdikort, skrå blokkar, tabell eller søyler. Du byggjer altså ditt eige design av ferdige delar.

Anna papirformat

Sideoppsett i mal-editoren. Vel A6–A0, Letter eller skiltformat, og snu retninga. Designet blir skalert med:

  • Tilpass proporsjonalt – tryggast når du byter mellom ståande og liggjande
  • Strekk – best når sideforholdet er likt, til dømes A4 → A3

Når eitt hull treng noko eige

Malen gjeld alle hull. Men treng eitt hull QR-koden ein annan stad, eller eit felt skjult, går du til Hull-fana → Teesign for dette hullet. Der flyttar du enkeltfelt berre for det hòlet. Dei andre hulla står urørte.

Infoboard og caddybook

Infoboard er det store oversiktsskiltet. Under Rediger banekart får du heile kart-editoren for oversiktskartet – last opp banekartet og teikn hullnummer, stiar, parkering, toalett og klubbhus oppå.

Caddybook set saman eit komplett hefte: framside, baneinfo, reglar, alle hull, scorekort og bakside.

Til trykkeriet

Eksport gir deg full kontroll.

Format Når du bruker det
PDF Til trykk. Dette er det trykkeriet vil ha
SVG Ekte vektor, om nokon skal jobbe vidare i Illustrator
PNG 300 dpi til trykk, 150 dpi til skjerm

For trykk kan du skru på bleed og skjæremerke. Skal du ha alle 18 skilta, blir dei pakka i éi ZIP-fil.

Forhåndsvisninga i midten viser faktisk papirstorleik, så du ser kva du får.

Har du det travelt?

Generer alt sjekkar banen for manglar og lagar heile settet – alle teesign, infoboard og caddybook – i eitt jafs.

Ta vare på arbeidet

Arbeidet ditt ligg to stader, og dei har kvar sin jobb.

I nettlesaren

Prosjektet blir lagra automatisk i nettlesaren medan du jobbar - òg når du er utan dekning. På Oversikt finn du panelet Lagring og sikkerhetskopi. Der ser du om lagringa er varig, kor mykje plass banen brukar, og dei siste kopiane.

Appen tek ein kopi ved oppstart, kvart tiande minutt, og alltid før du byter prosjekt. Dei 12 siste blir tekne vare på, og kvar av dei kan hentast tilbake med eitt klikk - det du har no blir lagra som ein ny kopi først, så du kan angre.

Kopiane ligg i same nettlesar

Dei bergar deg frå ei uheldig endring, men ikkje frå at du tømmer nettlesardata eller byter maskin.

På serveren

Ved sida av ligg panelet Server. Loggar du inn, blir banen lagra på serveren medan du jobbar - og då finst han att på ei anna maskin.

Panelet viser kven som er innlogga, om alt er lagra, og versjonslista. Kvar full lagring legg igjen ein versjon, så du kan gå tilbake til slik banen sto for ein time sidan. Lagre versjon gjer det same med ein gong.

Du treng ikkje logge inn

Appen verkar utan. Då ligg banen berre i denne nettlesaren.

Loggar du inn, er det serveren som hugsar for deg. Set du deg ved ei anna maskin, kjem banen du jobba med sist opp av seg sjølv.

Har du fleire baner på serveren, står dei i same panelet under Andre baner på serveren. Trykk Opne for å byte. Den du har oppe blir lagra først, så du mistar ingenting.

Står det at lagringa ikkje gjekk gjennom, ligg arbeidet likevel trygt i nettlesaren. Neste endring prøver på nytt.

Rekkjefølgja er med vilje: nettlesaren først, serveren etterpå. Du skal kunne teikne ferdig eit hòl ute på banen utan dekning, og finne det att når du kjem heim.

Prosjektfila

Last ned prosjektfila med jamne mellomrom. Fila inneheld alt: hol, kart, bilete og malar. Importer les ho tilbake. Det er ho du sender til nokon andre.

Nyttige triks

  • Ctrl+Z angrar, òg midt i ei flytting. Heile dratt tel som eitt steg.
  • Hald Shift medan du dreg for å låse til vassrett eller loddrett.
  • Mellomrom + dra panorerer kartet. Musehjulet zoomar mot peikaren.
  • På nettbrett og telefon: ein finger flyttar, to fingrar zoomar.
  • Set meter per kartenhet under Kart – då kan du teikne teepads i verkelege mål og få rett målestokk på skiltet.
  • Lås logo og sponsorfelt i malen (Lås mot hull-overstyring), så står dei likt på alle skilta uansett kva du gjer seinare.