Gå til innhold

Bagbyggjaren – brukarmanual

Bagbyggjaren på hjelp.kvamdgs.no hjelper deg å finne ut kva discar du bør ha. Du svarar på to spørsmål, og får framlegg til ei bag sett saman av discar som faktisk ligg i butikken.

Sida er open for alle – du treng ikkje logge inn.

Slik gjer du det

  1. Hvor langt kaster du? Vel nivået som passar:

    Nivå Kastelengd
    Nybegynner 0–60 m
    Rekrutt 60–80 m
    Erfaren 80–100 m
    Viderekommen 100 m eller meir
  2. Hva mangler du? Vel kategoriane du vil ha framlegg til – Putt & Approach, Midrange, Fairway Driver eller Distance Driver – eller ALLE om du byggjer bagen frå botnen.

  3. Du får Din anbefalte bag. Trykk Velg på ein disc for å opne han i butikken, eller Start på nytt for å prøve andre svar.

I resultatet kan du sortere på pris, speed eller stabilitet, og du ser flygetala (speed, glide, turn, fade) for kvar disc.

Kvifor får eg ikkje dei raskaste driverane?

Kastelengda di styrer kor høg speed du får framlegg om. Ein disc med speed 13 treng fart for å fly slik han skal – kastar du kortare, gir han mindre lengd enn ein roleg fairway driver. Difor får ein nybegynnar framlegg opp til speed 11, medan ein viderekommen får heile spekteret.

Stabilitet, kort forklart

Type Kva han gjer
Understabil Svingar til høgre og held seg lenge i lufta (høgrehands backhand)
Rett Går rett fram med lite sving
Stabil Litt sving, og ein mild venstresving på slutten
Overstabil Trekkjer tydeleg til venstre – god i vind og på forehand

Ei bag som fungerer har litt av kvart: noko understabilt du kan kaste rett, noko overstabilt til vind, og puttarar du kjenner godt.

Vil du sjå banen teikna?

Flightbane viser kastebanen til kvar einskild disc, og er ein god neste stad å gå når du har fått framlegga her.

Om ein disc manglar

Berre discar som ligg i butikken med komplette flygetal er med. Finn du ikkje noko som passar, eller står lista tom, ta kontakt i butikken – då er det som regel eit produkt som manglar tal, ikkje eit hol i sortimentet.