Gå til innhold

Flightbane – brukarmanual

Flightbane viser deg kva flygetala til ein disc faktisk tyder. Du vel ein disc og fortel korleis du kastar, så teiknar appen kastebanen sett ovanfrå.

Sida ligg på flight.kvamdgs.no og treng inga innlogging. Du finn den same visninga som fana Flightbane på produktsidene i nettbutikken.

Slik brukar du han

  1. Søk opp disken i søkefeltet – skriv til dømes Destroyer, Buzzz eller Boss, og vel han i lista. Over 10 000 discar er med. Flygetala blir fylte inn automatisk, men du kan òg skru på dei sjølv for å sjå kva som skjer.
  2. HåndHøyrehånds (RH) eller Venstrehånds (LH). Banen blir spegla.
  3. KastetypeBackhand eller Forehand.
  4. KastehastighetSakte, Middels eller Hardt. Eit hardt kast får meir turn i starten; eit sakte kast fader tidlegare.
  5. VinkelHyzer (↙), Flat (→) eller Anhyzer (↗).

Banen blir teikna med ein gong du endrar noko, og lengda i meter står under.

Hyzer flip

Legg du ein understabil disc på hyzer, kan han rette seg opp og svinge motsett veg. Skjer det, dukkar merket ⚡ Hyzer Flip opp oppe i biletet.

Kva tala tyder

Tal Kva det seier
Speed Kor fort disken må kastast for å fly som han skal – ikkje kor langt han går
Glide Kor godt han held seg i lufta
Turn Kor mykje han svingar til høgre tidleg i flukta (for høgrehands backhand)
Fade Kor hardt han trekkjer til venstre på slutten

Ein disc med mykje turn og lite fade er lett å kaste for nye spelarar. Mykje fade krev fart for å fly rett.

Modellen er ei rettesnor

Banen er rekna ut frå ein modell som er kalibrert mot 109 referansediscar, ikkje frå målingar av ditt kast. Vind, høgd, plast og forma di gjer at din eigen disc oppfører seg annleis. Bruk visninga til å samanlikne discar mot kvarandre – det er der han er til å stole på.

Nyttige måtar å bruke han på

  • Skal du kjøpe ny disc? Legg inn disken du har i dag, sjå banen, og samanlikn med han du vurderer.
  • Finn hòl i baggen: har du to discar som teiknar nesten same bane, gjer dei same jobben. Då manglar du heller noko anna.
  • Skjøn kva som skjer med vinkelen: vel same disc og byt berre mellom hyzer, flat og anhyzer.

Sida fungerer like godt på mobil som på PC, og du kan leggje ho på heimeskjermen som ein snarveg.