Gå til innhold

Vekesgolf – brukarmanual

vekesgolf.kvamdgs.no er sida for vekesgolfen til Kvam Frisbeegolf. Der ser du når neste runde er, kor mykje som ligg i ace potten, og kven som har vunne CTP tidlegare.

Du treng ingen konto. Alt som står her kan kven som helst sjå.

Kom i gang

  1. Opne vekesgolf.kvamdgs.no.
  2. Øvst står neste runde med dato, klokkeslett og kva hol CTP-en går på.
  3. Trykk Meld deg på hos Metrix for å melde deg på og føre score.

Legg sida på heimeskjermen

På iPhone: opne sida i Safari, trykk Del → Legg til på Hjem-skjerm. På Android: menyen ⋮ → Legg til på startsiden.

Då opnar ho som ein app, utan adressefelt. Hjulet virkar jamvel utan dekning, noko som er greitt å vite ute på bana.

Bli med i konkurransane

Runden er gratis. Vil du vere med i CTP eller ace pot, vippsar du til klubben før runden startar:

Du vippsar Melding Kva du er med på
25 kr CTP CTP-konkurransen
25 kr ACE Ace potten
50 kr (uansett) Begge to

Du må vippse før runden startar

Er du ikkje betalt når første kast går, er du ikkje med den runden. CTP-en blir gjord opp same kveld, og ein pott som blir større etter at nokon har vunne han er ingen pott.

Meldinga avgjer kva du er med på

Står det ingenting i meldinga på ein 25-lapp, veit vi ikkje kva du ville vere med på, og innbetalinga blir liggjande til nokon tek stilling til henne manuelt.

Store og små bokstavar spelar inga rolle, og «closest», «nærmast» og liknande blir òg forstått. Men CTP eller ACE er tryggast.

Dei to konkurransane

CTP – closest to pin. Den som landar nærmast hòlet på det utvalde holet vinn heile CTP-potten den runden. Han blir utbetalt same kveld, så potten startar på null igjen neste gong.

Ace pot – alt som blir betalt inn blir liggjande og veks frå runde til runde. Set nokon ein ace — hòl i eitt — får hen heile potten. Det har ikkje skjedd enno, og det er difor summen på framsida er så stor som han er.

CTP-holet varierer frå runde til runde og står på framsida før kvar runde.

Sidene

  • Framsida – neste runde, kva som ligg i ace potten, og korleis du blir med.
  • Pott – ace potten, forrige CTP-vinnar og dei siste vinnarane.
  • Historikk – alle spelte runder, gruppert på sesong.
  • Hjul – lykkehjulet som trekkjer ein premievinnar blant spelarane. Det blir brukt under runden, når det er over ti påmeldte.

Lykkehjulet

Er det meir enn ti påmeldte, blir det trekt ein disk blant deltakarane. Hjulet hentar spelarlista rett frå Metrix, så alle som faktisk spelte runden er med.

Det er laga for å visast fram: trykk Fullskjerm, og snurr. Har du opna det éin gong, virkar det jamvel om dekninga forsvinn.

Lyst eller mørkt

Knappen oppe til høgre har tre stillingar:

  • ◐ følgjer telefonen eller maskina di
  • ☀ alltid lyst
  • ☾ alltid mørkt

Valet blir hugsa på den eininga du sit på, og gjeld hjulet òg.

Når blir runden kunngjord?

Innlegget om neste runde blir lagt ut automatisk på Facebook-sida og Instagram til Kvam Frisbeegolf, fire dagar før runden klokka 17. Det inneheld dato, klokkeslett, CTP-hol, kva som ligg i ace potten og lenka til påmelding.

Facebook-gruppa må delast manuelt

Meta stengde i 2024 for at appar kan leggje ut i grupper. Innlegget blir difor delt til gruppa av eit menneske, ikkje av appen.

Kven registrerer vinnarane?

Nokre få i klubben har tilgang til å føre inn kven som vann CTP og om nokon sette ace. Vinnaren dukkar opp på Pott og i Historikk når det er gjort, vanlegvis same kveld.

Er det noko som ser feil ut — ein vinnar som manglar, eit beløp som ikkje stemmer — sei frå til ein i styret. Alt kan rettast, og rettinga blir ståande synleg i historikken.

Vanlege spørsmål

Må eg betale for å spele? Nei. Runden er gratis. Innbetalinga gjeld berre CTP og ace pot.

Kan eg vippse etter runden? Nei. Betalinga må vere gjord før runden startar, elles er du ikkje med. CTP-en blir gjord opp same kveld.

Eg vippsa, men står ikkje i potten. Innbetalingane blir lagde inn etter runden, ikkje i sanntid. Er det gått eit par dagar, sei frå.

Kva skjer med ace potten om ingen får ace? Han veks. Det er heile poenget — han blir ståande til nokon treffer.